Om prosjektet
Ordboka er ei digital utgåve av “Gamle ord i jølstramålet” av Daniel Dvergsdal. Nettsida er laga av dreng.studio i samarbeid med Jølster Mållag.
Her fortel han sjølv kvifor han samla orda:
For nokre år sidan tok eg til å sende inn jølstraord til Norsk Leksikografisk Institutt i Oslo, både slike som eg mintest sjølv og slike som eg frette. Siktemålet vart å skrive ned ord som er gløymde av yngre jølstringar eller er i ferd med å verte utbytte, i alle fall i skrift. Ein del av desse orda er knytte til gamalt arbeidsliv og gamle skikkar. Andre er godt brukande i vårt moderne samfunn for den som vil halde på målføret sitt og elles legg vekt på presis og variert ordbruk.
Dei eldste orda i samlinga er etter folk som levde til litt etter 1900. Ei viktig kjelde her er eit oppsett av Rakel Viken. Andre gode hjelparar er Anders P. Sægrov, Borghild Larsen, Anders Huus (Nøtterøy) og Olav J. Befring.
Sidan arbeidet med prentinga tok til, har eg motteke ordsamlingar frå Jarle Helgheim, Skei, Gunnar Smådal, Vassenden og Olav N. Øvrebø, Ålhus. Dette verdfulle tilfanget er stort sett innarbeidd i det endelege manuskriptet.
Inni boka
Teikntydingar
Oppslagsorda er skrivne med tilnærma jølstrauttale og ordna alfabetisk.
For å gjeve att uttalen har eg nytta det vanlege alfabetet, men eg har teke i bruk nokre lydteikn for å gjere framstellinga eintydig.
'(accent aigu) står framfor den stavinga som har hovudtrykk i ordet, såleis i a'lur, 'sollve, raspe'kake. Einstavingsord og ord med jamt trykk er ikkje merkte med aksent.
ȯ står for den opne o-lyden som vi har i stȯkk, stȯve. Frå Skei og austover vil denne lyden oftast ha ein ø-liknande uttale som i Indre Nordfjord.
ė står for trong e som i vėte, har lėse.
Frå bokside til oppslag
-
Skanna side
- 121 sider i PDF-en
-
Tekst frå skanninga
- gongn, utan prikken over o-en
- glotte, med o der boka har ø
-
Retta mot sidebiletet
- 108 ordsider
-
gongnretta til gȯngn -
glotteretta til gløtte
-
Oppslag på nettstaden
- 1 887 oppslag
gȯngn femininum / hokjønnsordgogn, vev'gȯgn, renjnjinge'gȯngn